Det seier masterstudent Elisabeth Rørvik. I 14 veker denne hausten er ho intern hos FI og RENERGY.
Rørvik er i gang med sitt andre og siste år på mastergraden i innovasjon, entreprenørskap og samfunn ved NTNU. Ifrå tidligare har ho ein bachelor i International Business ifrå University of Kent.
– Studiet sett søkelys på rolla innovasjon og entreprenørskap spelar i omstillinga mot eit bærekraftig samfunn, og hvilken betydning regionale miljø har for resultatet. Eg valgte nettopp dette studiet på grunn av mi interesse for muligheitane som kjem frå det grøne skiftet, distriktsutvikling og teknologi.
At ho valgte Trondheim som studiestad, er heller ikkje tilfeldig.
– I Trondheim får ein det beste av by og bygd på ein plass. Det var viktig at plassen eg skulle studere også hadde spennande bedrifter, sosiale møteplassar og kort vei til naturen, seier Rørvik.
– Ein god introduksjon
Interessa for teknologiutvikling, grøn omstilling og utvikling i distriktet var også grunnen til at det vart akkurat FI ho valgte å vere intern.
– I FI får eg god innsikt i det norske innovasjonssystemet og rolla til aktørane som arbeider mellom offentlig og privat sektor. Her får eg delta i fleire forskjellige prosjekt, både for næringshagen og klyngesamarbeidet. At FI har ei sterk kobling til både Trondheim og nærliggande distrikt, synst eg er verdifullt.
– Etter fleire år i utlandet vil mi tid i FI vere ein god introduksjon til korleis Trøndelag og Norge generelt jobbar med innovasjon og entreprenørskap, legg Rørvik til.
Rørvik er allereie godt i gang med internshipet sitt og skal i haust for det meste arbeide for RENERGY. Der er ho med på oppstarten av eit nytt prosjekt: kommersialisering og kapital:
– Prosjektet ser på korleis auka kapitalflyt i sektoren kan bidra inn i det grøne skiftet. Det er veldig spennande å få vere med på eit prosjekt heilt ifrå starten av. Her får eg teorien i praksis, og dermed eit innblikk i korleis den brukast i «den virkelige verden», legger Rørvik til.
– Bruke dei ressursane vi har
Kva ho skal jobbe med etter at ho er ferdig med mastergraden, veit ho foreløpig ikkje.
– Samspelet mellom offentleg og privat sektor for innovasjon og utvikling er veldig interessant. Eg følger med på utviklinga og vil sjå hvilke muligheiter som byr seg når den tid kjem.
– Kva betyr innovasjon for deg?
– Innovasjon for meg handlar om å tenke nytt og om å gjere ting smartare. For å oppnå måla vi har satt oss må vi bruke dei ressursane vi har tilgjengelig på ein bedre og meir effektiv måte.